Velkommen til Simply The Best - The Tina Turner Story 30.-31.5.+1.6., Lærdal Showtheater

Thanks! Share it with your friends!

You disliked this video. Thanks for the feedback!

Added by
10 Views
Tildelt "Best Musical Tribute Show" på the Real Awards i Las Vegas 2020!
Me har gleda av å ynskja dykk velkomne til ei unik oppleving 30. mai - 1.juni! Då kjem Coco Fletcher i rolla som Tina Turner!

Ikkje nok med det, ho får selskap på scena av "Ike Turner" og alle jentene frå "The Ikettes".
Showet tek publikum med på ei reisa gjennom fem tiår med rockeikonets musikalske historie og deira største hits frå ei av dei viktigaste artistane i vår tid.
"Simply The Best" skildrar Tina Turners innhaldsrike liv i løpet av to timar spekka med livemusikk og imponerande scener. Frå hennar fyrste suksessar, vanskelege tider med ein narkoman og voldeleg ektemann, sviket av ein stor kjærleik og til slutt,-etter seperasjonen då Tina fekk sin nye start og ein popularitet som skaut til himmels på 80-talet.

"The Tina Turner Story" er ein hyllest til den eksepsjonelle artisten som har forma eit halvt århundre med rockehistorie.

Med over 180 millionar selde plater, utallige nr.1 treff og plasseringar med blandt anna "Simply The Best", "Private danser" og "We dont need another hero". Inspirert av denna eineståande artisten, klarar Dorothea "Coco" Fletcher (USA), å etterligna verdsstjerna perfekt og reknast som ei av dei beste i dobbeltrolla over heile verda.

Med ei unik stemme og ein energisk framføring, bringar ho rockedivaen attende på scena og tek publikum med storm!

Eit musikalshow produsert av Bernhard Kurz, Stars In Concert.
Category
Tina Turner
Commenting disabled.